Bestill her






 
 
Attraksjonssøk
Vel region :




Verdt å sjå Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen

Gjennom generasjonar har vi vore opptekne av å ta vare på miljøet rundt oss, og vi kan i dag tilby deg som gjest mange kulturminne. Gamle tradisjonar innan byggjeskikk, mat og folkemusikk er levande og det er eit rikt kulturliv i dei tre bygdene.
Les meir om kva som er verdt å sjå i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen.

 

 


Attraksjonar - Jotunheimen

Turistvegar og utsiktspunkt

Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsveg er nasjonale turistvegar. Rv. 55 - Sognefjellsvegen (Nord-Europas høgste fjellovergang) er ein av dei mest nytta vegane sommartid i Noreg. Gamle Strynefjellsveg - rv 258 - frå Grotli til Videseter er 27 km lang med mange gamle kulturminne. Vegane byr på storslagen utsikt og dramatisk natur, høge toppar, dalar, kvasse tindar, brear, fjellvatn, levande setergrender, fjellblomar, beitande dyr, fjellvandrarar og koselege turisthytter og hotell. På stutt tid opplever du dei store kontrastane; fjord, fjell og dal.

Statens Vegvesen legg nå til rette for ei reise i harmoni med ytre landskap og eige indre gjennom prosjektet ”Nasjonale turistvegar”. Ei reise langs fjordar, kyst , fjell og fossar, der tida står stille og nåtid og historie smeltar saman. Ei reise som syner Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse. Dette er nasjonale turistvegar – minnerike køyreturar gjennom eit mangfald av kontrastar i natur, kultur og klima. Turistvegane tilbyr det rolege livet, alternativ til stress og mas. Fram til 2015 skal 18 vegstrekningar kunne få status som nasjonale turistvegar, til saman 1850 kilometer gjennom det mest unike av norsk natur. Det blir bygt stoppestader for rast og kvile og fotopunkt og parkeringsplassar, slik at du kan setja frå deg bilen og ta ein fottur.

Strenge kvalitetskrav til miljøtilpassing ligg til grunn; målet er å forsterke naturopplevingane. Langs turistvegane er det og råd å fiske, gå turar til fossar og fjell. Du finn også godt utbygde servicetilbod, overnatting, spennande kulturtilbod og mykje anna. Når du er på tur, vil du få informasjon om turistvegane både langs ruta og på staden. Det er sett opp informasjonstavler og laga eigne guidar. Dei nasjonale turistvegane er skilta med eige turistvegsymbol.

 

Museer og galleri

I Vågå, Lom og Skjåk er det fleire museum og galleri som byr på permanente og tidsavgrensa utstillingar. Kvar sommar presenterer Galleri Mathilde i Bøstugu i Skjåk lokal kunst. Elles blir lokal historie og kultur teke vare på gjennom ei rekkje faste ustillingar som til dømes Jutulheimen i Vågå og Lom Bygdamuseum i Presthaugen og Stavkyrkjesenter i Lom.


Historie og kulturarv

Kommunane Vågå, Lom og Skjåk tilbyr ei mengd av kulturelle opplevingar. Her finn du mange kjende attraksjonar, men kva med også å ta seg tid til å jakte på dei mindre kjente opplevingane. Nordgard Aukrust er ein annan gard som ynskjer deg velkomen til sin landskjende urtehage og gardsbutikk med økologiske varer. Hamsunstugu i Garmo er truleg der Knut Hamsun vart fødd. Reis dit og sjå kor små kår den verdskjende nobelprisvinnaren i litteratur kom frå. Ein annan kjend lyrikar sin fødestad finn du og i Lom. Stusslegstugu er Tor Jonssons fødestad og denne finn du attmed Presthaugen i Lom.

Naturattraksjonar

Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen byr på frodige dalar og alpint høgfjell. Dette gjev rom for ei rekkje med varierte naturopplevingar. Kjende naturskapte attraksjonar som Besseggen og Galdhøpiggen finn du her, og ein stor del av regionen vart freda som Jotunheimen Nasjonalpark i 1980. Nasjonalparken er i dag ein av Noregs mest besøkte. Noregs yngste nasjonalpark Breheimen Nasjonalpark, finn du også her. Og i nord ligg Reinheimen Nasjonalpark der villreinen rår. Vågå ligg Blessomkalvkvea, eit verna urskogfelt, og Stuttgonglia Naturreservat  i Sjodalen.


Severdigheter

Du er velkomen til å oppleve dei unike og mangfoldige tilboda som området byr på innan kultur og arrangement.

 

Jotunheimen Reiseliv AS sin logo