Jotunheimen Reiseliv AS hadde som dykk sikker er kjende med avspark på sine marknadsaktivitetar torsdag 6. oktober. I etterkant har vi fått attendemeldingar på at oversikten voer marknadsaktivtetar 2012 kanskje vart noko uoversiktleg. vi har difor laga ei ny oversikt over aktivitetar du kan vera med på i Noreg i 2012.

Foto: Jotunheimen Reeiseliv AS
Jotunheimen Reieliv AS har som kjent gått inn i eit samarbeid med Fjuken om produksjon av våre publikasjonar. Dette trur vi vil gjere det lettare og meir effektivt for oss å få på plass eit godt sett av publikasjona rsom både tener våre aksjeeigarar og dei tilreisande. Det vil og gje Jotunheimen Reiseliv AS sine aksjeeigarar gode tilbod på annonsering i Fjuken sine 3 årlege magasin.
Fristen for å vera med på marknadaktivitetane gjennom i utlandet gjennom Fjell Norge og Innovasjon Norge er gått ut, og heil 6 bedrifter vart med på dette i år. Men aktiviteane i Noreg er endå ikkje heilt lagde. Vi legg difor med eit nytt påmeldingsark for aktivitetar i Noreg. Her finn dykk liste over aktivitetar dykk kan vera med på gjennom Jotunheimen Reiseliv AS 2012.
Blant anna kan du vera med på:
- ulike messer i Noreg
- ulike aktivitear på VisitNorway.com
- få tilgang til fotograf for ein eller fleire dagar
- få laga ein video frå di bedrift / om dine produkt
- delta i Noregs kampanjen til Innovasjon Norge.
- annonsere i flyer og faktaguide
- annonsere i Fjuken sine magasin i 2012
Den tradisjonelle Jotunheimenguiden blir delt i 2.
Jotunheimen Reiseliv AS har laga den same guiden i mange år nå. Dette har vore ein publikasjon som skal dekkje alle måter vi kommuniserar på. Dette er ikkje tilfredsstillande og har etter kvart vorte naudsynt at vi må gjere noko med denne. Ein kan ikkje kommunisere det wsame på alle invå i salsprosessen, og ein tung og omfattande guide som dette har etter kvart vorete svært dyr å sende postalt. Rein opplisting av tilbydarar er heller ikkje særleg seljande. Jotunheimen Reiseliv AS kjem difor til å dele opp guiden i to nye publikasjonar.
Nytt av året er at vi no lagar ein såkalla ”flyer”. Dette blir eit 8 siders A3-produkt på blankt men tynt papir. Formatet er brukt av mange av dei store destinasjonane som oversikteleg og ”appetittvekkande” nyheitsbrev eller interessevekkar. Jotunheimen Reiseliv skal ha denne klar i midten av januar for å spreie denne på det internasjonale marknaden.
Den tradisjonelle Jotunheimen-guiden vil bli gjort om til ei faktaborsjyre, planen er at denne skal vere klar for utkøyring i løpet av mai månad. Formatet vil bli A5 som i år og truleg vil den bli på 32 sider. Denne vil få ei meir detaljert informasjon om dien del av dei viktigaste aktivitetane vi har å by på.
Fjuken sine magasin gjev i tillegg til nyttig informasjon også mykje lesestoff både for bygdafolk, hytteeigarar, campinggjestar og mange andre. Vinter og haust går magasinet til alle som er busett i dalføret vårt, til alle som er registrerte eigarar av hytter i bygdene våre, til mange av dei som har campingvogn her på fast plass, samt til alle som er abonnentar på Fjuken. Sommarutgåva blir i tillegg til dette også lagt ut på dei fleste servicebedrifter og turistinformasjonar i bygdene våre og i bygdene rundt oss, både på aust- og vestlandet.
Fleire av desse produkta vil og bli laga i elektronisk format, som gjer det mogleg å ”linke” akkurat di annonse mot di eiga nettside.
Gode prisar på annonse pakkar.
Gjennom samarbeidet med Fjuken meiner Jotunheimen Reisliv at vi kan tilby våre aksjeeigarar gode annonsepakkar på lokalt og nasjonalt nivå. Vi tilbyr her annonsepakkar for både store og små aksjeeigarar. Pakkene strekkjer seg frå "Sommar -mini" som er for dei som berre ynskjer å vera synlege lokalt om sommaren til "Total pakke" som inkluderer innrykk i alle magasina til Fjuken, Jotunheimen Reiseliv AS sin "flyer" og "fakta guide" og deltaking i Innovasjon Norge si Noregs kampanje. Pakkene er vidare delt inn i variantane XS - XL som viser til annonse storleikar i magasin, flyer og faktguide.
For meir informasjon om dette sjå vedlagte skjema som vi ber dykk fylle ut og kome og sende i retur innan tysdag 15. november 2011!