Annonser

Beta versjon annonse
Høgare kjem du ikkje! Galdhøpiggen kampanje 2010
Aktivitetssøk
Velg region :




TRAVEL OFFERS
Copyright © Naturopplevingar

2000-meter langhelg i Jotunheimen - Naturopplevingar

For venninnegjengen, kameratflokken, idrettslag og andre grupper. Innen litt sprek dagsturavstand fra Leirvassbu finner du 40...

Copyright © Naturopplevingar

4- 6 dagars brekurs - Naturopplevingar

Både 6 dagars og 4 dagars kurs. For meir informasjon, prisar, tidspunkt og detaljerte program sjå...

Rafting i Skjåk

Gode opplevingar

Aktivitetar gjev gode opplevingar, lærdom og energi. Her er noko for alle; store og små, familie, venner, kollegar eller berre for DEG, dersom du ynskjer ei stund heilt for deg sjølv.
Les meir om aktivitetar i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. 

 


Aktivitetar - Jotunheimen
Fotograf: Øyvind wold

Barnas Jotunheimen

At dei minste i familien trivst når dei er på ferie, er viktig. I Jotunheimen ynskjer vi at alle skal få høvet til å oppleva noko nytt og spennande. Vi ynskjer at alle skal koma heim med gode minner frå ferien; store som små. Her i Jotunheimen kan barna vere med på dei fleste aktivitetane tilpassa deira nivå.
Les meir om Banras Jotunheimen.

Fotograf: Frank Simon

Turtips

Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen  byr på mange flotte turmoglegheiter, frå korte turar til fleirdagsturar, der det er lagt godt til rette med merka
stigar og hytter med kost og losji. Dei DNT-merka rutene
knyter området samen på ein god måte.

Overnattingsstadene og turistinformasjonane i området
kan hjelpe deg med turtips utover det du finn her. Til høgre finn du ei oversikt over gode kart til fjellturen.

Vi ynskjer deg ein triveleg tur!

Turguide for Skjåk

God tur

Reisetips Jotunheimen - VisitNorway

 


Fotograf: På veg mot Gjendebu

Vandring

Jotunheimen - namnet kling mektig i øyro våre. Aasmund Olavsson Vinje brukte "Jøtunheimen" fyrste gongen i 1862. Kanskje held jotnar og kjempar til i fjella her?

Turguide for Skjåk

God tur

Reisetips Jotunheimen - VisitNorway


 

 

Fotograf: Skjåk Rafting

Vassport

Stille vatn eller brusande elver, aktivitetar finn du i mange vassdrag i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. På varme sommardagar kan du avkjøle deg i små varme fjellvatn eller oppvarma utandørs basseng, og skulle vêret tilbyr fleire hotell innandørs symjebasseng. Du kan ri bølgjene nedover fleire av elvene i området saman med andre i ei rafting flåte eller åleine i kajakk eller berre med eit elvebrett under magen. Og når armane blir slitne av all padlinga kan du ”vandre elvene” på ein juving - tur.


Fotograf: Lom Fiskeguiding

Jakt og fiske

Jotunheimen har uttallege fjellvatn og elvar å velja blant når det gjeld fisking. Her kan du stå på land og fiske med stong, du kan kaste med fluge og dorge. Det finst eigne fiskeplassar tilrettelagt for funksjonshemma. Her finst tilbod om jakt på villrein og småvilt i nokre område.

Skjåk Almenning

Lom Fjellstyre

Vågå Fjellstyre

inatur

Sykkel

Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen  byr på mange gode høve for sykkelturar og mange av desse går langs lite trafikkerte vegar som seter- og tømmervegar. Turane som er nemnde nedanfor er i hovudsak dagsturar. NB! Rutene er ikkje særskild skilta for sykkel eller tilrettelagde. For meir informasjon om kva du kan oppleve langs rutene spør i turistinformasjonane i Jotunheimen eller der du overnattar. Det finst mange setervegar i Jotunheimen som er fantastiske å sykle på.


Fotograf: Bente S. Kvamme

Andre Aktivitetar

Har du lyst til å lære å meistre noko nytt i ferien din? Kva med klatering. Lær deg å meistre eigen kropp i i dei vertikale høgder. Jotunheimen kan du og oppleve frå hesteryggen når hugen til å ta på vandrestøvlane ikkje er til stades. Og skulle det regne ein dag kan du oppleva Jotunheimen frå innsida i sør-Noregs største kallgrotte system i Dumdalen.

Sightseeing og Rundturar

Mange gode grunnar til å bli ein dag lenger hjå oss!
Rundturar med bil.
Til fjells med bil.

 


Helse og Velvære

Om du vil halde deg i form i ferien og vêret ikkje tillet uteaktivitetar tilby fleire hotell innandørs symjebasseng og eller andre trenings fasilitetar.

Shopping

Shopping

Ta deg ein tur og koble av i dei mange gode butikkane i Vågåmo, på Fossbergom eller i Bismo. Her finst husflidsutsal, suvenir, gåver, blomar, foto, klede, smykkar, sports- og fjellutstyr, brukskunst, daglegvarer og bokhandel. Området har mange lokale produkt å tilby. Tradisjonane innan treskurd blir haldne i hevd. Lokalproduserte matvarer som krydder, urter, bakverk og spekepølser er særs populære. Produkta får du kjøpt i butikkar og eigne utsal.


Skreddarsydde aktivitetar

I Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen er det mange aktivitetsselskap som alle tilbyr aktivitetar til lands, til vanns eller i fjellveggen. Aktivitetsselskapa skreddersyr opplevingar for den einskilde gjest og for grupper. I tillegg til aktivitetsselskapa, har mange av overnattingsverksemdene i området eigne aktivitetstilbud tilpassa deira område. Nedanfor er alle aktivitetsselskapa presentert:


 

Jotunheimen Reiseliv AS
Postboks 63
N-2688  LOM

Phone: +47 61 21 29 90
Fax:     +47 61 21 29 95
Email:  info@visitjotunheimen.com

Fjell Norge logo VisitNorway logo tellUs IT logo

Sitemap

About this page Copyright Jotunheimen Reiseliv AS 2010 Webmaster Photoservice