Jotunheimen er eit eldorado for skientusiastar! Her treng du ikkje pakke vekk skiene når påska er over og sommaren står for døra.
Sommarski på Sognefjellet
På Sognefjellet kan du gå på ski store delar av året. Frå Sognefjellsvegen opnar fyrst i mai og fram til juli/august blir det køyrd opp løyper. Sognefjellshytta og Sognefjellet Sommerskisenter samarbeider om å køyre opp løypene på Sognefjellet. Det mobile skyttaranlegget gjev og gode høve for for å trene skiskyting. Det blir køyrt opp løyper kvar dag og salta etter behov. Tilhøva for sommartrening på Sognefjellet blir sett på som særs gode blant langrennsløparar og skiskyttarar.
Skiturar i Jotunheimen om våren
Våren er kanskje den finaste tida på året for skiturar i Jotunheimen. Er du på jakt etter litt brunfarge etter ein lang kald vinter? 3 dagar på ski i jotunheimen såhar du både brunfargen og ny energi på plass. Lange ljose dagar gjer at du kan dra ut på lengre turar og fleire toppar er tilgjengelege som dagsturar. Nytt sjansen til sesongens siste skitur ei av langhelgene i mai eller juni!