Bestill her






 
 

Eit gåvekort for heile Nord-Gudbrandsdalen

Anar du ikkje kva du skal gje den som har alt? Kva med eit gåvekort frå Nasjonalparkriket?

Nasjonalparkriket sitt gåvekort kan du nytte i over 150 bedrifter i heile området. Om du ynskjer å nytte det til ein betre middag på eit av hotella i området, overnatting, brevandring, rafting, moskussafari, nye kvitevarer, vekas daglegvareinnkjøp eller blomar til helga, valet er ditt!!

Det er dei 4 reiselivsorganisasjonane i Nord-Gudbrandsdalen som står bak gåvekortet. Kortet har verdi av 100,- kr, 250,- kr og 500,- kr. Det er opp til deg som mottakar av kortet kva du nyttar det til. Det einaste vilkåret er at det blir nytta i ei av bedriftene som er med på ordninga. Kortet må nyttast innan eit år frå kjøpsdato.

Gåvekortet for Nasjonalparkriket får du kjøpt her:
Lom turistkontor/Jotunheimen Reiseliv AS
I Norsk Fjellmuseum, Lom sentrum.
tlf +47 61 21 29 90, info@visitjotunheimen.com 

Skjåk turistinformasjon (sommarope)
I Bøstugu/Galleri Mathilde, Bismo.
tlf +47 95 82 40 80
skjak@visitjotunheimen.com

Vågå turistinformasjon (sommarope)
I Vågå sentrum.
tlf +47 90 77 61 63
vaga@visitjotunheimen.com

I tillegg får du kjøpt gåvekortet hjå Dovre Næringsforening og Bjorli Lesja Reiseliv AS.

Gåvekortet kan nyttast hjå fylgjande bedrifter:
Gåvekortet kan nyttast i desse bedriftene i Nasjonalparkriket. (pdf)

Du treng Adobe Reader og denne programvara finn du her.

 

Sist oppdatert   18.04.2012  
Jotunheimen Reiseliv AS sin logo