Denne turen tek deg til to av Noregs met kjende attraksjonar. Geirangerfjorden er vår mest kjende fjord og er nå komen på UNESCO si liste over verdsarven, og Trollstigen er ein av verdas mest spektakulære vegstrekningar der vegen slynger seg nedover fjellsida. Eit meisterverk av ingeniørkunst!
Turbeskrivelse:
Lom - Geiranger - Eidsdal -Åndalsnes - Lesja - Vågå - Lom
328 km / ca. 7 timar rein køyretid
Rv. 15 til Langvatnet (73 km), rv. 63 til Geiranger (24 km), vidare etter Ørnevegen (høgste punkt 624 m) til Eidsdal (25 km), ferje til Linge (10 min., avgang 20./30. kvart min i sommarsesongen), rv.63 over Trollstigen ( høgste punkt 859 m) til Åndalsnes (60 km), E 136 til Lesja (93 km), Slådalsvegen (bomveg 50 kr) over fjellet (høgste punkt 1.190 m) til Vågå (32 km), rv. 15 til Lom (31 km).
Verdt å sjå:
Sjå turforslaget over for strekninga Lom - Geiranger, Ørnevegen mellom Geiranger og Eidsdal, Gudbrandsjuvet i Valldal, Trollstigen, Trollveggen, Romsdalshorn, Lesja bygdetun, Lesja kyrkje, Jutulheimen i Vågå, Vågå stavkyrkje, Hamsunstugu i Garmo.
Kva kan du gjere på turen:
Ottaelva byr på spennande aktivitetar som juving, padling med kano eller kajakk eller elvebrett og rafting med Skjåk Rafting eller Lom & Skjåk Adventure. Vil du komme enda nærare den mektige naturen i Geiranger kan du gjere dette med ein padletur i kajakk eller kano på Geirangerfjorden. Tett på vatnet kjem du og i Valldal der du og kan rafte og padle i og ved fjorden. Romsdalen har alltid vore eit Eldorado for dei som er interessert i klatring, og kanskje du får eit glimt av moskus eller rein på veg heimover. Langs heile ruta er det gode høve for korte sykkel- og vanreturar.