Véret i fjellet endrar seg raskt og det er viktig å vere forberedt på uvér. Uansett om du har lite erfaring med friluftsliv eller er ein dreven fjellvandrar, er det lurt å ha fjellvettreglane i bakhovudet undervegs.
- Legg ikkje ut på langtur utan trening.
- Meld frå kvar du går.
- Vis respekt for véret og vérmeldingen.
- Lytt til erfarne fjellfolk.
- Vær rusta mot uvér og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og utstyr som fjellet krev.
- Bruk kart og kompass.
- Gå ikkje aleine.
- Snu i tide. Det er ingen skam å snu.
- Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om nødvendig.
Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som fjellet krev, sjølv på korte turar. Når du legg ut på dagstur i høgfjellet bør du ha med deg nok utstyr til at du i verste fall kan klare deg ei natt under open himmel. Turen kan ta lengre tid enn du trur fordi: Været skiftar, du har feilvurdert din eigen fysiske form, du kan bli utsett for eit mindre uhell, eller rett og slett fordi ulendt terreng kan vere vanskeleg å lese av kartet.
På turen bør du ha med deg kart (over rett område) og kompass, sjølv om du har tenkt å gå på merka stiar. Og du må kunne bruke det! I sekken bør du i alle fall ha med gode vindtette og vasstette ytterklede, ekstra varme klede til å ha under, lue og vottar. Dette gjeld også om sommaren! Ta med ekstra mat, og meir varm drikke enn du treng. Enkelt førstehjelpsutstyr bør også ligge i sekken. Stol ikkje på at du har dekning på mobiltelefonen i fjellet! Meld frå kvar du går!
Du finn meir informasjon om fjellvettreglane på heimesidene til Den Norske Turistforening.