Annonser

Beta versjon annonse
Høgare kjem du ikkje! Galdhøpiggen kampanje 2010
Relaterte artikler (geo)
Tagget med
Brosjyrer
Jotunheimenguiden

Jotunheimenguiden

Jotunheimenguiden gjev deg svar på det meste du treng å vite for eit godt ferieopphold i Jotunheimen.

Les mer om Jotunheimenguiden
Last ned (10,42 MB)
TRAVEL OFFERS
Copyright © Naturopplevingar

2000-meter langhelg i Jotunheimen - Naturopplevingar

For venninnegjengen, kameratflokken, idrettslag og andre grupper. Innen litt sprek dagsturavstand fra Leirvassbu finner du 40...

Copyright © Naturopplevingar

4- 6 dagars brekurs - Naturopplevingar

Både 6 dagars og 4 dagars kurs. For meir informasjon, prisar, tidspunkt og detaljerte program sjå...

 

Barnas Jotunheimen

At dei minste i familien trivst når dei er på ferie, er viktig. I Jotunheimen ynskjer vi at alle skal få høvet til å oppleva noko nytt og spennande. Vi ynskjer at alle skal koma heim med gode minner frå ferien; store som små. Her i Jotunheimen kan barna vere med på dei fleste aktivitetane tilpassa deira nivå.

Prøv klatreskogen i Brimiland
Prøv klatreskogen i Brimiland
Foto: Øyvind wold
I Skjåk kan du vera med på famlierafting
I Skjåk kan du vera med på famlierafting
Foto: Lom & Skjåk Adventure

Klatring
Klatring blir meir og meir populært. Her i Jotunheimen finst mange moglegheiter for klatring - også for barn. Lomseggen Klatretårn i Lom sentrum er ei ny og spennande oppleving. Her kan alle klatre - uansett alder. I BrimiSkogen klatrepark kan du vere Tarzan for ein dag - kven ynskjer vel ikkje det?  La barna få prøve seg på nye utfordringar - det er moro!

Riding
Hestar er alltid populært hos barna! Her finst gode moglegheiter til å la dei få oppleva hestane på nært hald. Times-, heil og halvdagsturar på Jotunheimen Hestesenter

Bading
På gode vérdagar finst flotte moglegheiter for eit bading i Jotunheimen. Det er og mogleg å bade i elvar og fjellvatn. Badekulpen ved Smedsmo Camping i Vågå er og ein fin badeplass i sommarvéret. Er det ikkje så godt vér at ein vil vera ute, er badeanlegget på Fossberg Hotell eit godt alternativ.

Fiske
Det er viktig å la barna få oppleva naturen og delta aktivt utan at det er organiserte aktivitetar. Fisking kan vere kos, familiehygge eller matauk - det er dykk som bestemmer. Det er stor stas å få fisk - for både store og små! Her i Jotunheimen  (Vågå, Lom og Skjåk) finst mange fjellvatn og elvar som er eit eldorado for fiskeinteresserte.

Kulturoppleving
I Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen Nasjonalparksenter får barn og vaksne eit fyrste møte med fjellet og fjellkulturen gjennom lyd, bilete og film. Her får dei oppleva fjellhistoria, sjå dyra som lever i Jotunheimen og ikkje minst - sjå dei to flotte mammutane vi har museet! På Fossheim Steinsenter får dei lære om stein og steinartar. Dei får ta på, føle og kan plukke med seg stein frå gratistippen. Gudbrandsdalmusea fortel om kultur, tradisjon og gamle dagar i både Jutulheimen bygdetun i vågå og Lom bygdamuseum. Her er mange flotte arrangement for barn gjennom sommaren.

Rafting
Familierafting er ein triveleg aktivitet som gjev barn og vaksne eit fyrste møte med det ville og våte element. Familierafting er ein rolegare form av rafting som er tilpassa barna. Familierafting er ein trygg aktivitet samtidig som ein opplever elva frå gummibåten.

Alle aktivitetane finn du og lista opp her.

Vi ynskjer både barn og vaksne eit triveleg opphald i Jotunheimen!

 

Sist oppdatert   30.06.2010  
RELATERTE PRODUKTER

Skjåk

Familietur hydrospeed - Lom & Skjåk Adventure

Med hydrospeeder tilpassa både barna og vaksne, dreg vi ut i elva på ei strekning som passar godt for barn. Vi utforskar hydrospeeden og elva gjennom masse leik og moro. Familieturen kan også vera eit glimrande alternativ dersom ein er litt skeptisk til...


Lom

Galdhøpiggen Klatrepark - Aktiv i Lom

Parken er bygd slik at vi kan ta både enkeltpersonar, familiar ogl større grupper. Ved grupper på over 10 personar, ynskjer vi at dykk bestiller på førehand. I klatreparken kan vi ta på oss alt i frå bedriftssamlingar med "teambuilding", til...


klatring

Lom

Lomseggen Klatretårn

Tårnet er produsert av den spanske produsenten Top30 og er ca. 12 meter høyt og med en klatreflate på ca. 155 m2 bestående av 3-dimensjonale glassfiberpaneler – såkalt 3D Real Rock. Utformingen av klatreflaten er forsøkt gjort ”fjell-lik” og det gir...

Lom

Matopplevingar på Brimi Sæter

Låvekafe I fellesferien har vi open kafe der vi serverar ekte sæterkost. Vi har kaffe og vaffel, rumgraut og spekemat og ellers prøvar vi å variere litt med andre råvarar vi har tilgang på. Opningstider 2007 Kl 10.00-18.00 6.juli - 12.aug. og helger ut...


Skjåk

Familietur juving - Lom & Skjåk Adventure

Familieturen er leik og moro frå byrjing til slutt. Guidane tek dykk med i naturen sin beste leikepark. Heile familien får prøvd seg på symjing i kulpar, morosame sklier, hopp ned i jettegryter og kanskje vil også nokon i familien prøve seg på eit...




 

Jotunheimen Reiseliv AS
Postboks 63
N-2688  LOM

Phone: +47 61 21 29 90
Fax:     +47 61 21 29 95
Email:  info@visitjotunheimen.com

Fjell Norge logo VisitNorway logo tellUs IT logo

Sitemap

About this page Copyright Jotunheimen Reiseliv AS 2010 Webmaster Photoservice