Galdhøpiggen er Jotunheimen og Noregs høgaste fjell med sine 2469 meter over havet.

På Veg over Styggebreen til Galdhøpiggen
Foto: Raubergstulen

Galdhøpiggen i kvelssol
Foto: Jotunheimen Bre og Fjellføring
Den er samstundes også den mest besøkte fjelltoppen (kanskje saman med Gaustatoppen) i Noreg dersom ein ser bort frå mindre toppar i meir urbane strøk. Dette skuldast det forlokkande faktum at Galdhøpiggen er den høgaste punktet på Fastlands-Noreg, samstundes som toppen av Galdhøpiggen er ganske lett å nå til fots..
Til Galdhøpiggen kan du gå langs merka T-rute frå Spiterstulen (ca 4 timer opp og 3,5 ned att) eller du kan gå med førar over isbreen Styggebreen, frå Juvasshytta. Her går det turar dagleg kvar dag i sommarsesongen. Turane startar kl. 10.00 og 11.30.