Tidsaksen gjennom nasjonalparklandsbyen Lom er ei geologisk vandring i jordas historie.
Tidsaksen er ei framstilling av Jordas 4600 millionar år lange utvikling langs ei 1000m lang vandring gjennom nasjonalparklandsbyen Fossbergom i Lom. Vandreturen startar frå Fossheim Steinsenter og fylgjer Bergomsrunda gjennom sentrum og over brua til Norsk Fjellmuseum, herifrå attende om Kyrkjevollen, Utleggsbrua og Nordal Camping til Stein-senteret.
Kvar meter du går flyttar du deg altså 4,6 millionar år gjennom jordhistoria som er skildra med 30 skilt med kunstnariske illustrasjonar og norske tekster. Tysk og engelsk tekster har fått eigne brosjyrer. Vidare er 15 større bergartsprøver og fossil tidsriktig plassert langs vegen.
I ein eigen monter inne i Steinsenteret er det kronologisk stilt ut mindre, sprø eller spesielt verdifulle prøver som også høyrer til i Tidsaksen.