Annonser

 

Vinter i Sjodalen

Øvre Sjodalen er eit eldorado for langrenn og toppturar både i og utanfor preparerte løyper.

På veg mot Besshø
På veg mot Besshø
Foto: Bessheim Fjellstue og Hytter
Trugetur
Trugetur
Foto: Naturopplevingar AS

Sjodalen byr på eit langt og omfattande nett av preparerte skiløyper. 150 kilotmeter løyper i både skogsterreng og på høgfjellet. I 2011 blir ei ny løype ved Sjodalsvatna opna. Dei preparert løypene er tilknytt DNT sitt løypenett. Slik at når DNT sine løyper blir stikka på etterjulsvinteren kan du bevege deg vidare in i den storslåtte Jotunheimen. Nokre av bedriftene i Sjodalen leiger ut skiutstyr, men dette må bestillast på førehand.

Er du av dei som heller vil ut av løypene og opp på toppane byr Sjodalen og Jotunheimen på noko av det beste mangfaldet i Noreg. Meir enn 200 toppar over 2.000 meter finn du i Jotunheimen og mange av desse er tilgjengelege frå Sjodalen. Om du ikkje er erfaren eller rett og slett vil ha følgje anbefaler vi gjerne ein topptur med guide.

I Sjodalen finn du alle typer overnatting. For den som vil ha det enkelt kan ein leggje seg inn på turisthyttene eller leie ei enkel hytte. Om du vil unne deg høgare standard kan du velje mellom høg standard hytter og leiligheter. Eller kva med å bli litt bortskjemt på htoell?

Om du ikkje er av den skiglade typen eller berre vil gjere noko anna enn å suse over viddene, byr Sjodalen på mange andre spennande aktivitetar. Prøv noko nytt! Lei deg eit par truger å ta deg ein tur  opp på nærmaste vesle topp! Eller kva med å besøke skogens konge? Bli med på elgsafari! Har du fiskelykke? Sjodalsvatna egnar seg godt for isfiske. Ein annan spennande aktivitet som finn stad meir inne i isen enn på isen er isjuving. Bli med ned i elva og inn i fossefall der isen har danna spennande skulpturar med eit fascinerande fargespel. Ein uforgløymeleg tur.

 

Sist oppdatert   30.01.2012  

 

Jotunheimen Reiseliv AS
Postboks 63
N-2688  LOM

Phone: +47 61 21 29 90
Fax:     +47 61 21 29 95
Email:  info@visitjotunheimen.com

Sitemap

About this page

Copyright Jotunheimen Reiseliv AS 2010

Webmaster

Photoservice