Bestill her






 
 

Verdt å sjå Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen

Gjennom generasjonar har vi vore opptekne av å ta vare på miljøet rundt oss, og vi kan i dag tilby deg som gjest mange kulturminne. Gamle tradisjonar innan byggjeskikk, mat og folkemusikk er levande og det er eit rikt kulturliv i dei tre bygdene.

"Dersom Gud skaffar oss sol skal vi sjølve skaffe væte." er eit gamalt ordtak i bygdene. Kor viktige desse vassvegane er, er dokumentert i "korn og vatn" utstillinga i Storstabburet i Lom. I dag hjelper moderne teknologi oss med å spreie vatnet, men den hjelper oss også å ta ut energi av vatnet som kjem rennande ned frå fjellet. Øyberget Besøkssenter i Skjåk viser korleis eit moderne vasskraftverk fungerer og er ope for alle interesserte.

Vatnet fører også med seg masse og stein frå breane og langs eit elvefar kan ein finne mange fine steinar. Dette gav Torgeir T. Garmo ideen om å skape Fossheim Steinsenter i Lom, eit av Noregs eldste og største steinsenter med mineralar frå heile verda og ein butikk som sel smykk esteinar og ei mengd andre varer i stein.

Lokal historie og tradisjonar blir presentert i Jutulheimen i Vågå og Lom Bygdamuseum. Kulturen knytt til menneska sin bruk av fjellet før og nå er vel dokumentert i Norsk Fjellmuseum i Lom. Stavkyrkjene er kanskje det mest særmerkte innan norsk arkitektur og i Ottadalen finn du stavkyrkje både i Vågå og Lom.
Jotunheimen Nasjonalpark er eit skode i seg sjølv, og byr på kjende og karakteristiske fjellformasjonar som Besseggen og Galdhøpiggen. Her er og meir myteomspunnende stader som Jutulporten og Riddarspranget i Vågå.

Sist oppdatert   18.04.2012  
Jotunheimen Reiseliv AS sin logo