Bestill her






 
 
Naturattraksjonar

Naturattraksjonar

Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen byr på frodige dalar og alpint høgfjell. Dette gjev rom for ei rekkje med varierte naturopplevingar. Kjende naturskapte attraksjonar som Besseggen og Galdhøpiggen finn du her, og ein stor del av regionen vart freda som Jotunheimen Nasjonalpark i 1980. Nasjonalparken er i dag ein av Noregs mest besøkte. Noregs yngste nasjonalpark Breheimen Nasjonalpark, finn du også her. Og i nord ligg Reinheimen Nasjonalpark der villreinen rår. Vågå ligg Blessomkalvkvea, eit verna urskogfelt, og Stuttgonglia Naturreservat  i Sjodalen.


Copyright © M. Øvsteng

Vågå

Besseggen

Besseggen er, saman med Galdhøpiggen, dei to mest kjende turane i Jotunheimen Nasjonalpark. Turen over Besseggen går frå Gjendesheim med båt inn til Memurubu...


Vågå

Blessomkalvkvea - urskogfelt

Blessomkalvkvea urskogreservat er det eldste verneområdet i Vågå, og ligg i Randsverk. Området vart freda i 1918, og sidan har skogen her styrt seg sjølv....


Vågå

Finndalen

Finndalen er eit vakkert dalføre på nordsida av Ottadalen med opphaveleg natur- og velstelt kulturlandskap. I 2006 vart Finndalen landskapsvernområde (34,48...


Copyright © Sverre Larssen

Lom

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen er Jotunheimen og Noregs høgaste fjell med sine 2469 meter over havet. Den er samstundes også den mest besøkte fjelltoppen (kanskje saman med...


Jotunheimen - soloppgang på Galdhøpiggen

Lom

Jotunheimen nasjonalpark

 Jotunheimen – på Noregs tak ”ein stad å vera liten” Jotunheimen har majestetisk fjellnatur med høge fjelltoppar, isbrear, særeigne vassdrag og sjøar, spor...


Copyright © Anne Randi

Vågå

Jutulporten - Vågå

I Prestberget ovanfor Vågåmo finn du Jutulporten, ei stor ”dør” i berget. Her inne bur Jutul’n saman med kjerringa si. Ingen har sett Jutul’n sidan den gongen...


Copyright © Klimapark 2469

Lom

Mimisbrunnr Klimapark 2469

Mimisbrunnr Klimapark2469 er en aktivitet som passer for alle. Ein tretimers guida tur frå Juvasshytta til Juvfonna der ein får høyre om og sjå på spennande arkeologiske funn,  og kome inn i ein spektakulær istunnel.


Norsk Fjellmuseum

Lom

Norsk Fjellmuseum - Jotunheimen og Reinheimen Nasjonalparksenter

Norsk Fjellmuseum er ein naturleg stoppestad for deg som har interesse og følelser for den norske fjellheimen. Museet viser deg samspelet mellom mennesket og fjellnaturen frå isen trekte seg attende etter siste istida og fram til i dag. Spennande utstillingar tek for seg ulike sider ved fjellnaturen og fjellkulturen. Her kan du m.a. sjå Noregs einaste mammutmodell i full storleik. Eit imponerande syn! Norsk Fjellmuseum er også autorisert nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen, og du finn både museumsbutikk og turistinformasjon her. Opningstid: Sesong man - fre helg 1.jan - 9.mai 10.00-15.00 etter avtale 10.mai - 26.jun 09.00-16.00 10.00-16.00 29.jun - 22.aug 09.00-19.00 09.00-19.00 23.aug - 19.sept 09.00-16.00 10.00-16.00 1.okt - 31.des 10.00-15.00 etter avtale Prisar: Vaksne kr 50,- Barn 12 - 15 år kr 30,- barn <12 år gratis


Copyright © H. O. Øvre

Vågå

Ridderspranget

I elva Sjoa som renn frå Gjende og gjennom Sjodalen, finst det eit juv som heiter Ridderspranget. Her seier segnet at Kvie-riddaren frå Valdres hoppa over då...



Jotunheimen Reiseliv AS sin logo