Bestill her






 
 
Turistvegar og utsiktspunkt

Turistvegar og utsiktspunkt

Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsveg er nasjonale turistvegar. Rv. 55 - Sognefjellsvegen (Nord-Europas høgste fjellovergang) er ein av dei mest nytta vegane sommartid i Noreg. Gamle Strynefjellsveg - rv 258 - frå Grotli til Videseter er 27 km lang med mange gamle kulturminne. Vegane byr på storslagen utsikt og dramatisk natur, høge toppar, dalar, kvasse tindar, brear, fjellvatn, levande setergrender, fjellblomar, beitande dyr, fjellvandrarar og koselege turisthytter og hotell. På stutt tid opplever du dei store kontrastane; fjord, fjell og dal.

Statens Vegvesen legg nå til rette for ei reise i harmoni med ytre landskap og eige indre gjennom prosjektet ”Nasjonale turistvegar”. Ei reise langs fjordar, kyst , fjell og fossar, der tida står stille og nåtid og historie smeltar saman. Ei reise som syner Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse. Dette er nasjonale turistvegar – minnerike køyreturar gjennom eit mangfald av kontrastar i natur, kultur og klima. Turistvegane tilbyr det rolege livet, alternativ til stress og mas. Fram til 2015 skal 18 vegstrekningar kunne få status som nasjonale turistvegar, til saman 1850 kilometer gjennom det mest unike av norsk natur. Det blir bygt stoppestader for rast og kvile og fotopunkt og parkeringsplassar, slik at du kan setja frå deg bilen og ta ein fottur.

Strenge kvalitetskrav til miljøtilpassing ligg til grunn; målet er å forsterke naturopplevingane. Langs turistvegane er det og råd å fiske, gå turar til fossar og fjell. Du finn også godt utbygde servicetilbod, overnatting, spennande kulturtilbod og mykje anna. Når du er på tur, vil du få informasjon om turistvegane både langs ruta og på staden. Det er sett opp informasjonstavler og laga eigne guidar. Dei nasjonale turistvegane er skilta med eige turistvegsymbol.

 


Vågå

Blåhø

Blåhø. 1617 moh. Frå Blåhø har du flott utsikt til heile Nasjonalparkriket. Bilveg heilt til toppen. Bomveg. Skilting frå Vågåmo.


Copyright © Skjåk Almenning

Skjåk

Nasjonal Turistveg - Gamle Strynefjell

Langs steinmurar og stabbesteinar. Mellom Grotli og Videseter ligg eit vegsmykke av gamalt handverk. Her slynger vegen seg i eitt med naturen akkurat slik den gjorde på byrjinga av forrige århundre, med grusdekke og stabbesteinar.


Copyright © Liv Marie Øyjordet

Lom

Nasjonal Turistveg - Sognefjellvegen

Vegen over Norges tak. Mellom Lom og Gaupne, i majestetisk fjellandskap, langs blåis, spisse tindar og smaragdgrøne vatn hever Sognefjellsvegen seg heilt opp til 1.434 m.o.h.


Copyright © H. O. Øvre

Vågå

Nasjonal Turistveg - Valdresflye

Der vegen svevar. Turen over Valdresflye gjev endelaust vidsyn til utallege fjell og vatn. Vegen svevar fritt og lett over vidda. Den passerar sitt høgste punkt 1389 m.o.h. og stryk langs Jotunheimen nasjonalpark.



Jotunheimen Reiseliv AS sin logo