Attraksjonar















 
Turistvegar og utsiktspunkt

Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsveg er nasjonale turistvegar. Rv. 55 - Sognefjellsvegen (Nord-Europas høgste fjellovergang) er ein av dei mest nytta vegane sommartid i Noreg. Gamle Strynefjellsveg - rv 258 - frå Grotli til Videseter er 27 km lang med mange gamle kulturminne. Vegane byr på storslagen utsikt og dramatisk natur, høge toppar, dalar, kvasse tindar, brear, fjellvatn, levande setergrender, fjellblomar, beitande dyr, fjellvandrarar og koselege turisthytter og hotell. På stutt tid opplever du dei store kontrastane; fjord, fjell og dal.

Statens Vegvesen legg nå til rette for ei reise i harmoni med ytre landskap og eige indre gjennom prosjektet ”Nasjonale turistvegar”. Ei reise langs fjordar, kyst , fjell og fossar, der tida står stille og nåtid og historie smeltar saman. Ei reise som syner Noreg og norsk natur og byr turistar frå inn- og utland på naturopplevingar av verdsklasse. Dette er nasjonale turistvegar – minnerike køyreturar gjennom eit mangfald av kontrastar i natur, kultur og klima. Turistvegane tilbyr det rolege livet, alternativ til stress og mas. Fram til 2015 skal 18 vegstrekningar kunne få status som nasjonale turistvegar, til saman 1850 kilometer gjennom det mest unike av norsk natur. Det blir bygt stoppestader for rast og kvile og fotopunkt og parkeringsplassar, slik at du kan setja frå deg bilen og ta ein fottur.

Strenge kvalitetskrav til miljøtilpassing ligg til grunn; målet er å forsterke naturopplevingane. Langs turistvegane er det og råd å fiske, gå turar til fossar og fjell. Du finn også godt utbygde servicetilbod, overnatting, spennande kulturtilbod og mykje anna. Når du er på tur, vil du få informasjon om turistvegane både langs ruta og på staden. Det er sett opp informasjonstavler og laga eigne guidar. Dei nasjonale turistvegane er skilta med eige turistvegsymbol.

 


  • 1Blåhø
    Biltur til Vole – Blåhø (bomveg): Sommaropen bomveg frå Vågåmo. Den tredje høgste bilvegen i Norge, til toppen av Blåhøe, 1617 m
    Les meir om Blåhø
    • Biltur til Vole – Blåhø (bomveg): Sommaropen bomveg frå Vågåmo. Den tredje høgste bilvegen i Norge, til toppen av Blåhøe, 1617 m
  • 2Nasjonal Turistveg - Gamle Strynefjell
    Aktivitetar Attraksjonar Kva skjer Overnatting Transport Servering Nyttig informasjon Kontakt oss Jotunheimen > Nasjonal
    Les meir om Nasjonal Turistveg - Gamle Strynefjell
    • Aktivitetar Attraksjonar Kva skjer Overnatting Transport Servering Nyttig informasjon Kontakt oss Jotunheimen > Nasjonal
  • 3Nasjonal Turistveg - Sognefjellvegen
    Sognefjellsvegen er ein eldgamal ferdselsveg. Fisk og salt frå vest og smør, skinn, jern og tjære fra aust vart frakta på eigen r
    Les meir om Nasjonal Turistveg - Sognefjellvegen
    • Sognefjellsvegen er ein eldgamal ferdselsveg. Fisk og salt frå vest og smør, skinn, jern og tjære fra aust vart frakta på eigen r
  • 4Nasjonal Turistveg - Valdresflye
    Atten vegstrekninger skal fram til år 2012 kunne få status som nasjonale turistvegar. Samanlagt 1850 kilometer gjennom det mest u
    Les meir om Nasjonal Turistveg - Valdresflye
    • Atten vegstrekninger skal fram til år 2012 kunne få status som nasjonale turistvegar. Samanlagt 1850 kilometer gjennom det mest u
Jotunheimen Reiseliv AS sin logo