Skriv utSkriv ut

Jotunheimen Rundt


GPS koordinater
Breddegrad: 61.838117454
Lengdegrad: 8.5656666755
Kontakt
Sted
Jotunheimen Reiseliv AS

Adresse:
Kjeldemyri 6
6854 Kaupanger

Telefon57678321
Telefon90590711
Faks57678610
E-postpost@jotunheimenrundt.com
Webwww.jotunheimenrundt.com


Beskrivelse
Starten er i Lærdal og løypa fylgjer E16 oppover den frodige Lærdalsdalen langs med Lærdalselva, forbi Borgund stavkyrkje og over Filefjell. Ein passerar Nystuen Høyfjellshotell, ned til og langs med Vangsmjøsi, gjennom Vestre Slidre og fram til Fagernes.

Derifrå fylgjer vi Rv. 51 til Randen: Denne vegen «lyfter» deg gjennom Jotunheimen! På denne delen av løypa passerar du nokon av dei vakraste naturperlene i Valdres: Øystre Slidre og den velkjende Beitostølen. På Bygdin ligg «M/B Bitihorn» ved kai. Nyt utsyna frå Valdresflya,- der toppar, tindar og brear i Jotunheimen kjem deg i møte på ein uforgløymeleg måte. Turen går vidare forbi fjellsjøen Gjende, idylliske sætergrender langs med Sjoa, - og du får eit storarta utsyn mot Vågåvatnet før du tek den bratte nedkøyringa til Randen. Rv. 15 fører deg inn til Lom, - kommunen der både Galdhøpiggen og Glitretind ligg. Dette er dei to høgaste fjella i Noreg med toppar på 2469 m over havet.

Frå Lom fyljer du den berømte SOGNEFJELLSVEGEN gjennom Bøverdalen (der dalsidene er så bratte at dei dyrkar jorda på begge sider!).

Sognefjellsvegen er Nord-Europa sin høgaste fjellovergang, 1440 m.o.h. ved Fantesteinen. Her vil du møta fleire meter høge brøytekantar. Dette, saman med fjellvinden, «vil den heite panna svala» - før du stuper dei 14 krappe slyngene forbi Turtagrø og ned til Fortun og Skjolden. Turen går vidare utover langs verdens lengste fjord, SOGNEFJORDEN, forbi Gaupne som er handels- og kommunesenteret i Luster, Marifjøra med verdens stuttaste riksveg (245 m) og du kjem i mål i regionsentret Sogndal etter 430 km.

Løypa er krevande med ein del stigning (4609 m) og eit par tøffe utforkøyringar, så pass på at du er godt trena. Løpet skal ikkje vera noko jag, men ein tur for deg som likar å sykle, sykle, sykle og nyte naturen og ta deg god tid på dei 7 matstasjonane.

Det vert gryterett på Lom og det vil vera seng for deg som vil slappa av litt før du byrjar på stigningane opp til løypas høgaste punkt på Sognefjellet (1440 m.o.h). Det vil vera grillmat etter innkomst i Sogndal. Vi vil gjera det vi kan for at du skal trivast og få ei minnerik oppleving. Ha ein riktig god tur og hugs at alle er vinnarar når løpet er gjennomført.

Du er hjarteleg velkomen til sykkelfest. I mellomtida ynskjer vi deg lukke til med førebuingane. Vel møtt til ein barsk tur gjennom hjarta av Fjell- Noreg. Me vonar alle på godt ver og god vind.
Relaterte produkter
Copyright © Mari Beate Kleiven

Lom

Sognefjellshytta

Sognefjellshytta ligger på det høyeste punktet på Sognefjellsveien. Nord Europas høyeste fjellovergang. Se også www.nasjonalturisveg.no På Sognefjellshytta tilbyr vi overnatting i komfortable rom av ulik standard og prisklasse. Vi har moderne dobbeltrom...


Kontaktinformasjon

Jotunheimen Reiseliv AS
Postboks 63,
N-2686  LOM

Tlf:          +47 61 21 29 90
E-post:     info@visitjotunheimen.com
Internett: www.visitjtounheimen.com

Om Jotunheimen Reiseliv AS

Bruk av cookies

 

Jotunheimen Reiseliv AS sin logo