I Vågå, Lom og Skjåk er det stutt veg til høgfjellet. Med eigen bil kan du lettvint koma inn i dei mange sidedalane, til gamle setergrender. Ferdselsvegar, fangstanlegg og vassvegar er kulturminne som vitnar om eit strevsamt liv i farne tider.
Vegane til fjells er gamle, private setervegar. Det betyr at det må betalast vegavgift for å nytte vegane. Vegavgifta/bompengane går til vedlikehald. Dei aller fleste vegane er grusvegar, men det er fast dekke på Galdhøpiggvegen og i Leirdalen. Dersom du ynskjer å utforske området finst det ei rad turmål å velje mellom. Enkle turforslag med køyreruter og avstandar får du på turistkontora.
Til dømes er desse stadene fine dagsturmål i området:
- Solhell - Tesse -Liafjellet
- Visdalen - Leirdalen - Juvasshytta/Galdhøpiggen Sommarskisenter
- Høydalen - Aursjoen - Lundadalen,
- Sota - Tundradalen - Blåhø
- Finndalen - Slådalsvegen - Fuglsetrene
- Bringsfjellet - Nordherrad - Valdresflye