Frå Sør- og Austlandet (Oslo og omegn)
Den raskaste vegen til Jotunheimen frå dei som bur vest for Oslo er E16 frå Sandvika til Fagernes og deretter rv. 51 til Randen i Vågå via Beitostølen. Rv. 51 over mektige Valdresflye er kommande Nasjonal Turistveg med flott utsyn til dei austre delane av Jotunheimen og den kjende Besseggen. Velkommen!
Obs! Rv 51 er stengd mellom Beitostølen og Gjendesheim nokre månader om vinteren.
Frå Oslo og indre delar av Austlandet
Ta E6 nordover til OL byen Lillehammer og oppi gjennom vakre Gudbrandsdalen. På Otta tek du av vestover langs rv 15 mot Stryn. Her køyrer du heile Ottadalen innover gjennom kommunane Vågå, Lom og Skjåk. Velkommen!
Frå nord
Frå Trondheim tek du E6 sørover gjennom Oppdal og over Dovrefjell. Kanskje er du heldig og får eit glimt av moskusen langs vegen over Dovrefjell? Når du kjem til Otta tek rv. 15 deg vestover til
Vågå, Lom og Skjåk. Velkommen!
Frå vest
Fjord Noreg byr blant anna på Sognefjorden, Nordfjord og Geiranger som er tre særs populære område i turist-Noreg.
Desse er naturleg innfallsportar til Jotunheimen og Ottadalen
Frå Sognefjorden tek du rv. 55 - Sognefjellsvegen - (Nasjonal Turistveg) over Sognefjellet til Lom. Langs den kontrastfyllte Sognefjellsvegen opplever du fantastisk høgfjellsnatur, mektige fjell og den tronge og vakre Bøverdalen, før du kjem inn i det særeigne Lom sentrum.
Frå Geiranger tek du rv. 63 mot Grotli. På vegen passerer du Djupvasshytta og kan ta ein avstikkar opp på Dalsnibba. Her får du eit fantastisk utsyn over Geirangerfjorden og fjella rundt. Ved Langvatnet kjem rv. 63 inn på rv. 15, du tek her austover og kjem først til Bismo, kommunesenteret i Skjåk. Velkommen!
Frå Nordfjord og Stryn er det strake vegen langs rv. 15 austover til Skjåk, Lom og Vågå. Dersom du ikkje har det travelt anbefaler vi deg å ta av hovudvegen og følgje rv. 258 i 27 km. Dette er Gamle Strynefjellsveg ein av dei fire Nasjonale Turistvegane i Noreg og vel verdt ein omveg.
Avstandstabellar