Bestill her






 
 

Ta bussen til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen

Til og frå området er det bussamband fleire gongar dagleg med Oslo, Bergen, Trondheim og Måløy. Nor-way Bussekspress og Fjord1 har daglege avgangar frå Vågå, Skjåk og Lom.

 

Komfort på bussen 
Alle avgangane går normalt med lange bussar på over 13 m. Lange bussar er svært "rolege" på vegen og gjev eit godt grunnlag for ei behageleg reise. Busslengda gjev rom for stor avstand mellom seta som er svært komfortable m.a. med stor liggevinkel. Alle seter har setebelte, som passasjeren etter lova er pliktig til å bruke. I taket finn du 4 kanals anlegg for musikk og radio der du kan koble deg til med høyretelefonar. Dersom du ikkje har med eigne høyretelefonar, er det mogleg å få kjøpt dette på bussen. Dei fleste er vande med noko over seg når søvnbehovet dukkar opp. I bagasjehyllene over seta er det puter og pledd. Temperaturen i bussane er regulert ved hjelp av airconditionanlegg og skal difor vere behageleg enten det er varmt eller kaldt ute.

Gudbrandsdalekspressen Bismo - Lom - Vågåmo - Oslo/Oslo - Vågåmo - Lom -  Bismo
Nordfjordekspressen Måløy - Bismo - Lom - Vågåmo - Oslo/Oslo - Vågåmo - Lom - Bismo - Måløy
Bergen-Trondheim ekspressen Bergen - Bismo - Lom - Vågåmo - Trondheim/Trondheim - Vågåmo - Lom - Bismo - Bergen


Transport til fjells om sommaren

I høgsesongen er det buss-samband mellom Otta og Sogndal over Sognefjellet (rv. 55) og mellom Fagernes og Vågåmo /Otta over Valdresflya (rv. 51). Det er fjellruter til/frå Juvasshytta, Spiterstulen og Sota Sæter.

Rutetabellar
Otta - Lom - Sognefjellet - Sogndal
Lom - Bismo - Sota Sæter
Lom - Spiterstulen
Lom - Juvasshytta
Vågå - Gjendesheim 


Busselskap
Fjord1
Jotunheimen og Valdres Bilselskap

 


 

Sist oppdatert   25.04.2012  
Jotunheimen Reiseliv AS sin logo