Bestill her






 
 
Langrenn

Turgleder på ski i Jotunheimen

Jotunheimen byr på god høve for skiløping både i og utanfor løypene.

Flotte skiløyper i fjellskogsterreng på Lemonsjøen
Flotte skiløyper i fjellskogsterreng på Lemonsjøen
Foto: Lemonsjøen Resort
Godt preparerte løyper på Lemonsjøen
Godt preparerte løyper på Lemonsjøen
Foto: Lemonsjø Alpinsenter

Jotunheimen byr på god høve for skiløping både i og utanfor løypene. Føreforhalda kan variere frå år til år avhengig av vindretninga, men normalt er høva for langrenn i prerarerte spor best i Sjodalen og i vestlege delar av Skjåk.

Men er du av dei som heller likar å utforske verda utanfor det oppkøyrde sporet så byr heile Jotunheimen og Strynefjellet på eit hav av moglegheiter. For dei som likar å komma seg litt opp i høgda og få litt usikt byr desse områda på eit utall toppturar som eignar seg for skiløparar og som gjev mykje moro på vegen ned att.

I Vågå finn du meir enn 300 km preparerte løyper og då særleg innover Sjodalen langs rv. 51 over Valdresflya. Her finn du både stutte og lange turar for liten og stor. For føremeldingar sjå Føremeldingar for sikløypene i Vågåfjell

Sjodalen - Vågåfjell
Skiløypene i Sjodalen mellom Hindsæter og Gjendesheim vert preparerte i perioda 10. februar til 13. april. Dette er eit løypenett på ca. 200 km. I tillegg vert det preparert ca. 80 km løyper rundt Hindsæter i romjula frå 26.12 – 6.1 og allereie frå 1. februar. Løypene i Sjodalen har variert vanskegrad frå dei lette dalløypene der fleire også går over islagte vatn, til høgfjellsløyper med krevjande nedkjøringar. Mellom nokre av overnattingsstadene går det skibuss som fraktar gjester den eine retningen. Det er høve for skituristane å kjøpe varm drikke og noko å ete på fleire av overnattingsstadene.I tillegg til skogsløyper har vi mange høgfjellsløyper som er stikka og som iblant også vert preparerte. Høgste merka skiløype går til toppen av Russli Rundhø 1831 moh

For toppturentusiastar er velkjente fjelltoppar som Besshø, Nautgardstind, Tjørnholstind, og Rasletind populære skiturar frå Sjodalen.

Skjåk
Vest i Skjåk kommune i områda frå Dønfoss, Botn og oppover til Polfoss og Grotli er det også nærare fire mil med preparerte løyper. Dette er eit relativt snøsikkert område og føreforholda er ofte gode her allereie tidleg på vinteren.

Lom
Også Lom byr på stuttare lysløyper både i Bøverdalen, Garmo og Lia, men kommunen er fyrst og fremst porten for dei som vil gå utanfor allfarveg inn frå den nordre sida av Jotunheimen.

 




Sist oppdatert   18.04.2012  


Jotunheimen Reiseliv AS sin logo