
Gode offpiste høve på Lemonsjøen Alpinsenter
Foto: Lemonsjø Alpinsenter

Luftige svev over Lemonsjøen
Foto: Lemonsjø Alpinsenter
Om vinteren er Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter det naturlege valet for flotte skiopplevingar. Her finn du alt kva ivrige skientusiastar ynskjer. Sjå meir på Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter. Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter ligg i på Lemonsjøen i Vågå, langs rv 51. Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter tilbyr flotte forhold om vinteren. Lengda på skitrekket er 1400 m, og det er fire forskjellige nedfartar, frå krevjande til veldig lett. Dei preparerte nedfartane held god kvalitet og vi har barnebakkar for dei ynste og løyper som passar både nybyrjarar og konkurransekøyrarar. Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter har fleire gongar arrangert store mesterskap i både Telemark og alpint.
Høgdeskilnaden er 390 m, og her er terrengpark med halfpipe. I tillegg til dei preparerte bakkane finn du også fantastiske område for frikøyring både over og under tregrensa. Alpinsenteret ligg ved foten av Jotunheimen nasjonalpark med Norges høgste toppar. Med utgangspunkt i skisenteret har du eit stort utval preparerte langrennsløyper, både i skogsterreng og på fjellet.
Om sommaren kan dei som framleis ikkje har fått nok av ski og snø, ta turen til Galdhøpiggen Sommarskisenter.
Det er fantastiske skiforhold i Jotunheimen året rundt. Vi ynskjer alle skientusiastar hjerteleg velkomen til eit skieventyr i Jotunheimen!