Breheimen – frå evig is til frodige seterdalar
I Breheimen finn ein både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Frå frodige seterdalar til karrige høgfjell og isbrear , står Breheimen fram som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre. Området har ei spennvidde i naturtypar frå nesten havnivå til godt over 2000 moh. Breheimen har ein rik vassdragsnatur med eit utal av frie elvar og fossar som kastar seg utfor fjellsidene. I Breheimen har villreinen sitt område, og nasjonalparken utgjer den søre delen av Ottadalen villreinområde.
Fakta:
Arealet i Breheimen nasjonalpark er ca. 1.691 km2 .
Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep.
Vidare er føremålet med nasjonalparken å ta vare på:
- høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
- leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde
- vassdragsnaturen i området
- variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap
- grottene i området
- kulturminne.
Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.