Nettsidene til Jotunheimen Reiseliv AS skal nå snart vera klare for mobilar og nettbrett. Nettsidene er nå sett opp for å takle såkalla smarttelefonar og nettbrett, og ein driv i desse dagar og pyntar på designet og fjerner eventuelle feil.

Foto: Lasse Stadeløkken (Iphone)
Om du nå har ein smarttelefon eller eit nettbrett kan du prøve å surfe deg innn på www.visitjotunheimen.com Telefonen bør nytte operativsystem av typen Windowsphone, Android eller IOS (Apple Ihpone) for at dette skal gå bra, men det skal og fungere på Symbian. Sidene skal og vera tilpassa nettbrett som går på Andorid (som til dømes Samsung Galaxy Tab) eller IOS (Apple Ipad).
som nemnd ovanfor er dette framleis under testing, men det er berre fint om dykk prøver det ut og kjem med attendemeldingar på kva som eventuelt ikkje fungerer. Vi veit at det er ein god del bugs (feil) enda i oppsettet og ikkje alle typer telefonar og nettbrett fungerer like bra. Det manglar også ein del på designet. Blant anna skal det på plass enda fleire ikon i menyane for å gjera det meir intuitivt. Men du kan som sagt alleriee nå gå inn og prøve, så vi oppfordrar deg til å surfe deg inn på nettsidene til Jotunheimen Reiseliv AS når du har tid.