Sosiale media har dei siste tre åra vorte ein stadig viktigare kanal for reiselivsnæringa. Både som marknadsføringskanal men og som ein stad der bedriftene held kontakt og driv kundestøtte overfor sine gjester. Det er difor viktig å vera til staes i dei sosiale media.
På nettsidene til Jotunheimen Reiseliv AS har dykk som bedrift høv etil å markandsføre dykkar sider / profilar i sosiale media. Desse kanalane blir stadig viktigare både for å marknadsføre produkttilbod og for å halde kontakt med eksisterande og potensielle gjester. Jotunheimen Reiseliv AS vonar difor at dykk alle er representerte i minst eit av desse media og gjerne fleire dersom dykk ser det som hensiktsmessig.
På www.visitjotunheimen.com kan vi leggje inn link til dykkar profilar / sider på følgjande sosiale media:
- Facebook - verdas desisdert største sosiale teneste.
- Twitter - den sosiale teneasta som truleg veks raskast for tida.
- Flickr - verdas største bilde teneste. Picasa er Google sitt alternativ.
- TripAdvisor - verdas største sosiale nettstad om reiseliv og ein viktig stad å ha god rating for overnattings-, serverings- og aktivitetsbedrifter.
- FourSquare - den største stedsbaserte tenesta utanom Facebook Places som kan vera eit nyttig verktøy for å drive gjestene inn til deg. Egnar seg svært godt for handels- og serveringsnæringa, men kan og vera eit verktøy for til dømes attraksjonar.
- Gowalla - same som FourSquare, men kanskje meir populær i Europa.
- YouTube - verdas største videotenese - her bør dykk leggje ut filmane dykkar! Eit alternativ er Vimeo, men denne blir nok ikkje like raslt omdelsert av Google.
- LinkedIn - ein sosial netteneste som er mykje brukt blant bedrifter og arbeidstakarar. Denne tenesta kan vera svært nyttig for marknadsføring mot bedrifter.
I tillegg vil vi oppfordre dykk til å ta ein kikk på Slideshare, som er ein lysbilde teneste på nett. Det kan til dømes vera lurt å leggje ut ein PDF og ein PowerPoint presentasjon av di bedrift her, då det er svært enkelt for andre å inkludere denne på sine sider.
Det er og vel verdt å følgje med på Google+ som er Google sin konkurrent til Facebook, og som vil bli opna for bedrifter om kort tid.
Etter kvart som ein blir meir aktiv i desse kanalane kan det bli vanskeleg å halde oversikta over kva som skjer og kor du blir nemnd. Tenester som HootSuite, Tweetdeck og Seesmic kan hjelpe deg med dette.
Om det er ynskjeledg blant våre aksjeeigarar kan vi godt ta ein dag med ein sosial workshop der vi saman finn ut korleis vi kan nytte oss av desse kanalane.
Uansett vonar vi at dykk alle sender oss ein e-post med dykkars bedrifts profilar og sidelinkar i dei ulike kanalane slik at vi klan få marknadsført dei på dykkar bedrifts- og produktpresentasjonar på www.visitjotunheimen.com..